Erklæring for informasjonskapslar
Ein informasjonskapsel (ofte kalla cookie) er ei lita tekstfil som blir lagra på eininga di (datamaskin, nettbrett eller mobiltelefon) for å identifisere nettlesaren din på tvers av ulike besøk (sesjonar) og nettsider. Pikslar, "web beacons" og andre teknologiar kan òg nyttast for å observere bruken din av nettstaden vår. I det følgande vil vi omtale alle slike teknologiar som "informasjonskapslar".
Vi nyttar følgande informasjonskapslar:
Nødvendige
Nødvendige informasjonskapslar er informasjonskapslar som trengst for at nettsida skal fungere som planlagt, til dømes for at du skal kunne navigere på sida og få tilgang til sikre nettstader. Du kan derfor ikkje slå av nødvendige informasjonskapslar i innstillingane våre. Du kan slå av nødvendige informasjonskapslar i nettlesarinnstillingane dine, men det kan føre til at enkelte delar av nettsida vår ikkje fungerer som dei skal.
Funksjonelle
Funksjonelle informasjonskapslar gjer det mogleg å lagre opplysningar som forandrar måten nettsida ser ut eller oppfører seg på. Til dømes opplysningar om det føretrekte språket ditt eller kor langt du har komme i ein læringssti.
Analytiske
Dei analytiske informasjonskapslane blir brukte for å analysere og lage anonym statistikk over bruk på ndla.no, til dømes talet på besøkande, kva sider som blir mest besøkte, og korleis brukarar naviger mellom sidene.
Du finn meir informasjon om kvar enkelt informasjonskapsel som vi bruker,
og formåla vi bruker dei til, i oversikta nedanfor.
Nødvendige
feia_auth
Kjem frå Feide (FEIDE – Sikt). Nødvendig for å kunne tilby innlogging og NDLA-funksjonaliteten min. Følgande informasjon blir motteken frå Feide ved innlogging: Feide-ID-en din, namn, e-postadresse, føretrekt språk og organisasjonstilhøyrsel (informasjon om vertsorganisasjonar og organisasjonseiningar og rolla di ved desse).
nodebbauth, nodebb-ingress-session og express.sid
Høyrer til NDLA arena og løysinga vi bruker der (nodeBB).
nodebbauth blir lagra for å logge deg inn automatisk på NDLA arena. Inneheld informasjon om deg som blir brukt av NDLA arena for å knyte Feide-brukaren din til din NDLA arena-brukar.
nodebbingress-session handterer brukarøkter for å sikre stabil tilkopling.
express.sid Brukes av nodeBB for å halde oppe ein sikker øktidentifikator.
Analytiske
_pkid_ og _pksest_
Kjem frå tall.ndla.no (NDLA) og blir brukt for å samle anonym informasjon om aktiviteten til brukarane på ndla.no for analyse og rapporteringsformål. Følgande opplysningar blir samla inn: cookie-ID, type eining, type nettlesar og operativsystem. IP-adresse blir anonymisert.
Vi har konfigurert Matomo slik at vi ikkje samlar inn informasjon om IP-adresser eller andre persondata. Informasjonen blir samla inn med Matomo frå vår eigen server/installasjon på tall.ndla.no.
Funksjonelle
Language
Kjem frå ndla.no (NDLA). Nødvendig for å kunne hugse kva språk ein har valt på ndla.no. Fastset ein språkkode.
XSRF-TOKEN
Kjem frå *.H5p.ndla.no (NDLA). Nødvendig for å levere H5P. Fastset to identifiserande nøklar for å knyte saman H5P-innhaldet til H5P-tenar.
ARRAffinitySameSite
Kjem frå *.ndla.filmiundervisning.no (Norgesfilm). Nødvendig for å kunne tilby innhald frå NDLA Film. Fastset ein nøkkel for å knyte saman videospeler av og strøymeteneste.
_bvuuid
Kjem frå *.brightcove.com (Brightcove). Nødvendig for å levere film og videoinnhald. Fastset ein nøkkel for å knyte saman videospeler av og strøymeteneste.
Lagringa og behandlinga vår av personopplysningane dine i samband med informasjonskapslar bygger på ditt samtykke. Vi vil ikkje nytte informasjonskapslar som du ikkje har samtykt til, med unntak av heilt nødvendige informasjonskapslar.
Du kan når som helst slette informasjonskapslar. Dette gjeld òg informasjonskapslar du har samtykt til tidlegare. For meir informasjon om korleis du administrerer bruken av informasjonskapslar i nettlesaren din, kan du sjå på informasjonssidene til dei ulike nettlesarane: Google Chrome, Mozilla Firefox, Microsoft Edge og Safari. Dersom du bruker fleire nettlesarar, må du slette informasjonskapslar i alle.
Vi respekterer brukarar med innstillinga DoNotTrack aktiverte i nettlesaren.
Vi har òg sider på følgande sosiale medium: Facebook, Twitter, LinkedIn, YouTube og Instagram.
Tilbydaren av det sosiale mediet lagrar informasjonskapslar på eininga di når du besøker og bruker tenesta dykkar. For informasjon om korleis det sosiale mediet bruker opplysningar om deg, oppmodar vi deg til å lese personverninformasjonen deira.
For opplysningane som blir registrerte når du besøker vår side på det sosiale mediet, vil vi kunne ha delt behandlingsansvar med tilbydaren (avgrensa til dei dataa vi har kontroll over eller tilgang til).
Vi får tilgang til aggregerte opplysningar om besøk og aktivitet på våre sider i sosiale medium. Dette nyttar vi til statistikk- og analyseformål, som å måle mengde likast, klikk og kommentarar. Dette er ikkje personopplysningar for oss, fordi vi kan ikkje knyte dei til enkelpersonar.
Vi lagrar ikkje desse opplysningane sjølv, men vi har tilgang til dei så lenge vi har vår side på det sosiale mediet. Du kan når som helst slette opplysningar om deg, til dømes ved å fjerne innhald eller reaksjonar du har publisert. Merk at opplysningane dine ikkje blir berre sletta ved at du sluttar å følge sida vår.
Vidare kan nettsida vår innehalde innebygd innhald frå tredjepartar. Dette gjeld til dømes videoar frå Norsk Film. Slikt innhald kan vere kopla opp mot tredjepartane sine eigne informasjonskapslar frå nettsidene til tredjepartane. Vi kontrollerer ikkje innstillingane for slike tredjeparts informasjonskapslar, og vi oppmodar deg derfor til å undersøke nettsidene deira for meir informasjon om kva informasjonskapslar som blir nytta, og korleis du kan administrere bruket av dei.
NDLA vil nokre gonger ha behov for å oppdatere denne erklæringa for informasjonskapslar. Vi oppmodar deg til å sjekke erklæringa frå tid til anna, slik at du alltid har oppdatert informasjon om kva informasjonskapslar vi nyttar.
Dersom du har spørsmål om bruket vår av informasjonskapslar eller denne erklæringa, kan du ta kontakt med oss på e-postadressa personvern@ndla.no.